Auga i hjartat
Auga i hjartat
♥ Det er ei kjend sak at Dana, eigaren av dette vevritet (d.e. ’bloggen’), hev skrive ei bok som heiter ”FRÅN ETT HJÄRTA til et andet / fra et hjerte TILL ETT ANNAT”. Eg tenkte å dvelja litt ved kjerneordet i denne boktittelen: hjarta. Kva gøymer seg i og innimillom desse seks bokstavane? Ja, for hjartat er vel meir en berre eit muskelorgan som held blodet vårt i gang?
♥ I skriftmålet mitt, som er landsmål/nynorsk, vert ordet bøygt soleis: eit hjarta, dette hjartat – mange hjarto, alle hjarto. Ei fager bøying, med andre ord. Hjarto! Det kling godt. Det finst mange fagre måtar å bruka ordet på òg, anten det stend for seg sjølv eller er samansett med andre ord.
♥ Me segjer gjerne at hjartat er sentrum for kjenslor og tankar, at sjæl og sinn og vårt inste indre held til i hjartat. Me talar um gode hjarto og vonde hjarto, um lette hjarto og tunge hjarto, ord kann koma frå hjartat, og ord kann leggjast på hjartat. Ja, sjølve livet er tett bunde til hjartat – me kann ikkje liva utan det.
♥ Kjærleik og elsk høyrer hjartat til. Eg ber elsk til det gamle, norrøne språket – eg granskar det, les det og grev meg ned i det kvar dag. Kva er vel då meir naturleg en å sjå kva dei sagde og skreiv um hjartat i desse gamle tidene? Det var mykje, og det norrøne målet hev ei mengd ord med hjarta i seg. Eg vart nøydd um å velja ut nokre fåe ord, so dette vesle gjesteinnlegget ikkje skulde verta for langt, og eg valde meg desse tvo godbitane: hjartaauga (’hjärtaöga’) og hjartablóm (’hjärtablom’).
♥ Det siste fyrst: hjartablóm. Kva kann dette tyda, tru? Hjartablóm er det same som ’hjarteblom’, eller ’hjarteblomst’. Eg veit ikkje um det faktisk finst ein blome som heiter hjarteblom, men det norrøne ordet hjartablóm er ikkje namnet på ein blome. Hjartablóm tyder ’kjærleiken i hjartat’. Sjølvsagt! Kjærleiken er som ein blome: Han slær rot i oss, spirer og gror, men han er ein svak vokster som treng varme og næring, elles visnar han og døyr ifrå oss. Og er det ikkje so at kjærleiken blømer best um våren og sumaren, just som blomane?
♥ Det andre ordet eg hev valt ut er hjartaauga. Eit auga i hjartat. Kva trur du det er? Hjartaauga er det indre auga vårt. Eg skal ikkje segja at eg veit heilt visst kva eit indre auga er. Kann henda er hjartaaugat eit auga som ser kjenslone og tankane inni oss, i staden for ting og hendingar utanfor sjølve kroppen? Eg veit ikkje. De kann tenkja på det, og melda ifrå so snart de hev ein idé eller tanke um kva det kann vera.
♥ Slik eg tolkar det, so handlar ”FRÅN ETT HJÄRTA til et andet / fra et hjerte TILL ETT ANNAT” um både hjartablóm og hjartaauga. Um kjærleiken og um det indre synet vårt. Med dette ynskjer eg god helg, og tak godt vare på hjarto dykkar!
Kristin Fridtun, norska, studerande i Trondheim. Här är Kristins blogg